Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Messe på Kvambekk i Åmotsdal

Messe på Kvambekk i Åmotsdal

Søndag 17. mars kl 12:00 skal det vere messe på Kvambekk i Åmotsdal - hjå Bjørg og Folke.

Det vil vere god merking av vegen, etter at du har passert Åmotsdal tettstad.  I tillegg til sjølve messa, vil det vere servering og ymse aktivitetar.  Biletet til høgre er frå messa på Kvambekk i 2018.  Kjell Johan Nenseter vil vere prest på messa i år.

Vel møtt, med eller utan ski på beina.