Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Ny diakon i Seljord

Ny diakon i Seljord

Diakonen vår - Svanhild Rui Gustavsen - skal slutte 30. juni 2019.

Seljord kyrkjelege fellesråd har tilsett Torill Solli Haugen som ny diakon.

Torill er frå Skien, og har lang røynsle frå ulike stillingar og samanhenger innanfor kyrkje og organisasjonsliv.  Ho har mellom anna vore diakon i Kragerø og seniorkonsulent i Normisjon.  Inntil no nyleg var ho diakon i Nordberg kyrkjelyd i Oslo.

Torill skal dele tida si mellom Seljord og Hjartdal.  Ho vil tenestegjøre litt saman med Svanhild i ein overgangsfase, og startar opp for fullt 15. august 2019.

Me ønskjer vel møtt til samarbeid i Seljord.