Komande sundag er det 19. sundag i treeiningstida. Då skal det vere familiegudsteneste med dåp i Flatdal kyrkje kl 11,00. Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist. Den nye diakonen/trusopplæraren vår, Ingunn Liseter vil delta, og saman med Kjetil Bergheim vil ho/dei offisielt bli innsette i tenesta.
Det skal vere utdeling av fireårsbøker til fireåringane i kommunen, og dei er sjølvsagt ekstra velkomne. Messa vil ha karakter av haustfest.
Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet.
Biletet på denne sida syner Flatdal kyrkje i haustrame.
Vel møtt.