Bots- og bønedagsmesse i Flatdal kyrkje


Det går mot ny helg.

Komande sundag er det Bots- og bønedag.  Då skal det vere messe i Flatdal kyrkje kl 11,00.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist. 

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Biletet på denne sida syner Flatdal kyrkje i haustrame.

Bots- og bønedag er ein gamal dag i kyrkja vår.  Vil du vite meir om dagen, kan du lese her.

Vel møtt.

Tilbake