Minnedag 2022


Fyrste sundag i november er det helgemessesundag. 

 

Då feirar me minnedag i Seljord sokn.

Tidlegare har me hatt ei felles minnemarkering for alle dei tre kyrkjesokna våre.  Denne har vore i Seljord kyrkje.  I år gjer me ei endring på dette.  Då vil me halde minnegudsteneste i alle tre kyrkjene.  Slik ser planen ut:

Åmotsdal kyrkje kl 11,00 
Flatdal kyrkje kl 16,00
Seljord kyrkje kl 19,99

På gudstenesta vil det bli enkelt liturgisk program tilpassa denne spesielle dagen.  Namna på dei i det aktuelle kyrkjesoknet som har gått bort sidan førre helgemessesundag vil bli lesne opp, og det vil vere ljostenning.  Samlinga vert avslutta ute på kyrkjegarden.

Alle er velkomne - både dei som har mista nokon av sine kjære siste året, og andre som kjenner på sorg og sakn frå tidlegare.  

Både prest og diakon vil vere til stades, medan organist og kyrkjetenar vil stå for musikk og solosong.

Tilbake