Adventsmesse i Flatdal kyrkje


Til helga skal det vere adventsmesse i Flatdal kyrkje.

 

Komande sundag, 27. november 2022, er det fyrste sundag i adventstida.  Då skal det vere adventsmesse i Flatdal kyrkje kl 11,00.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist.

Det skal vere utdeling av adventshelsing til fem- og seksåringar.  Diakon og trusopplærar Ingunn Liseter vil difor vere aktiv i messa.

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Biletet på denne sida syner Flatdal kyrkje i adventsstemning.

Vel møtt.

Tilbake