Adventsmesse på Nes bedehus


Til helga skal det vere adventsmesse på Nes bedehus.

Komande sundag, 11. desember 2022, er det tredje sundag i adventstida.  Då skal det vere adventsmesse på Nes bedehus kl 11,00.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist.  Bergit Litleåsheim Telnes vil vere klokkar og tekstlesar.

Etter messa blir det kyrkjekaffi.

Dette er den einaste messa me har på Nes bedehus i løpet av kyrkjeåret.  Samlinga plar samle mykje folk - og det er god tid til sosial hyggje kring kaffibordet.

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Biletet på denne sida er frå ei tidlegare adventsmesse på Nes bedehus.  

Vel møtt.

Tilbake