Komande sundag - 30. april 2023 - er det 4. sundag i påsketida i kyrkja vår. Då skal det vere høgmesse i Seljord kyrkje.
Påsketida har kvit som liturgisk farge i kyrkja vår.
Messa byrjar kl 11,00. Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, Berit Bakken Aase skal vere klokkar/tekstlesar og Jon Svartdal kyrkjetenar.
Det skal vere konfirmantar med som ministrantar/medhjelparar, og diakon/konfirmantlærar Ingunn Liseter vil delta..
Etter messa vert det kyrkjekaffe.
Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.