Samtalegudsteneste i Flatdal kyrkje


Komande sundag

Komande sundag - 21. mai 2023 - er sundag føre pinse i kyrkja vår.  Då skal det vere samtalegudsteneste ved konfirmantane i Flatdal kyrkje.

Påsketida har kvit som liturgisk farge i kyrkja vår.  

Messa byrjar kl 11,00.  Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, og diakon Ingunn Liseter skal vere medliturg og preikar.

Konfirmantane skal delta med ulike oppgåver i kyrkja.  Difor skal dette på ein speiell måte vere deira gudsteneste.

Etter messa vert det kyrkjekaffe.

Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.

Alle er velkomne, også de som ikkje har konfirmantar.

Tilbake