Komande sundag - 18. juni 2023 - er 3. sundag i treeiningstida i kyrkja vår. Då skal det vere folkemusikkmesse i Åmotsdal kyrkje. Denne messa avsluttar pilegrimsvandringa over Skarsvegen, men du kan sjølvsagt delta på messa sjølv om du ikkje har vore med på vandringa.
Seljord juniorspelemannslag vil delta på messa.
Treeiningstida har grøn som liturgisk farge.
Messa byrjar kl 17,00. Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, og Jon Svartdal skal vikariere som kyrkjetenar. Klokkar og tekstlesar denne sundagen er Svanhild Rui Gustavsen.
Etter messa vert det kyrkjekaffe.
Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.