Seljord kyrkje som blei bygt mellom 1150 og 1180, er vigd til St.Olav - Noreg sin helgenkonge.
Difor er det naturleg å ha messe der på eftan denne gamle høgtidsdagen. Det kan også vera grunn til å minne kvarandre på at det berre er sju år til det store tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad der Olav Haraldsson fall. Det var denne hendinga som på mange måtar fekk det til å gå fortgang med både rikssamling og kristning av landet.
I 1980 feira me 800-års-jubileum for Seljord kyrkje. I 2030 kan me såleis førebu oss på 850-års-jubileum samstundes med det landsdekkjande tusenårs-jubileet.
Men tilbake til årets feiring: Me ber inn til kveldsmesse laurdag 29. juli kl 19,00 i kyrkja på Vallarhaugen. Etter messa serverer soknerådet kyrkjekaffi på kyrkjebakken, eller inne i kyrkja, alt etter kva været tillet.
Desse vil delta på olsokmessa:
- Liturg: Dag Harald Undheim
- Musikk: Anne Vik
- Kyrkjetenar: Einar Heggtveit
- Klokkar: Bergit Lisleåsheim Telnes
Alle er hjarteleg velkomne!
Seljord sokneråd ved Bergit Telnes