Folkemusikkmesse i Åmotsdal kyrkje


Komande sundag

Komande sundag - 16. juni 2024 - er 4. sundag i treeiningstida i kyrkja vår.  Då skal det vere folkemusikkmesse i  Åmotsdal kyrkje.  På denne messa vil me få musikk av Helle Serine Kleivi Sjåvåg, medan Gisle Snarteland vil kvede for oss.

Helle Serine Kleivi Sjåvåg

Gisle Snarteland.

Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim og Einar Heggtveit kyrkjetenar.  Klokkar og tekstlesar denne sundagen er Bergit Lisleåsheim Telnes.

 

Etter messa skal me forflytte oss til Eva Bull Holtes museum på Sneie i Åmotsdal.  Der skal det vere servering av graut og kaffe/kakur i samband med sesongopninga av museet.  Seljord spelemannslag vil delta på Sneie med eige program.

Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.

Tilbake