Bli med til Skuldalen i Åmotsdal


Bli med til Skuldalen i Åmotsdal


Dette må du få med deg.

Sundag 21. juli 2024 kl 12,00 skal det vere folkemusikkmesse på Skuldalen gard i Åmotsdal. Du må ta med deg noko å sitje på. Det blir høve til å kaupe mat.

Lars Erik Øygarden vil delta med felespel, Kjell Hove vil kvede, medan kantor Kjetil Bergheim vil framføre Edvard Griegs versjon av Skuldalsbruri på klaver.

Det blir både messe og eit eige folkemusikalsk program.

For å kome til Skuldalen må du køyre gjennom Åmotsdal, i retning Rauland. Du må ta av vegen ved skilt mot Sudbø. Pass på at du ikkje køyrer mot Angre der kor vegen delar seg. Litt før du kjem til Sudbø må du ta av til venstre ved postkassestativet. Det vert ordna parkering, og så må du gå til fots dei siste metrane opp til Skuldalen gard.

Vel møtt til ein stor kyrkjesundag i fantastiske omgjevnadar på Skuldalen.

www.seljordkyrkje.no

Tilbake