Nedstenging kyrkjeleg aktivitet


Nedstenging kyrkjeleg aktivitet


På grunn av smittesituasjonen i samfunnet vert den kyrkjelege aktiviteten stengd ned dei to neste vekene.

På grunn av smittesituasjonen i samfunnet vert den kyrkjelege aktiviteten stengd ned dei to neste vekene.

Annonserte gudstenester 10. januar i Seljord og og 17. januar i Flatdal går dermed ut.  

Sundag 10. januar vert det digital gudsteneste for heile Øvre Telemark prosti.  Prost Asgeir Sele vil forrette denne messa, og det heile vil foregå frå Sjøormtårnet i Seljord.  Messa vil vere tilgjengeleg på nettstaden www.ovretelemark.no heile dagen.

Gravferder kan gjennomførast som før - men med dei innskrenkingar som smittevernet sett med omsyn til deltakartal.  Desse tala gjeld for kyrkjene i Seljord sokn:

Seljord kyrkje 35
Flatdal kyrkje 30
Åmotsdal kyrkje 35

Sjå forøvrig NRK si omtale av situasjonen i kyrkja.

Tilbake