Messe i Seljord kyrkje


Messe i Seljord kyrkje


Komande sundag

Komande sundag er det 3. sundag i påsketida.  Då skal det vere messe i Seljord kyrkje kl 11,00.

Tekstane for dagen kan du finne på bibelselskapets nettsider.

Konfirmantar frå Seljord skal delta med ministrantteneste - det vil seie at dei skal gjere ulike liturgiske oppgåver i messa.  Dessutan vil det vere song og musikk av Helena Marie Grøntoft Dybdahl.  Ho er frå Seljord, og er elev ved Seljord folkehøgskule inneverande skuleår.

Takkofferet skal gå til Kvitsund gymnas, og etter messa skal det vere kyrkjekaffe.

I tillegg:  Me har blitt spurde om me kan leggje inn eit godt ord for møtehelg på Lunde bedehus - 2. - 4. mai.  Talar skal vere Kurt Hjemdal.  Mykje song og musikk.  Sjå annonse i TA.

Tilbake