Konfirmasjonstida i Seljord, Flatdal og Åmotsdal startar hausten i 9. klasse og varar fram til hausten i 10. klasse.
Konfirmant 2027!
Er du tenåring og lurar på om du vil konfirmerast i 2027, eller er du føresett til ein som lurer på om han/ho vil konfirmerast i 2027? Då skal du vite at alle ungdommar, i niande klasse, er velkomne til konfirmansjonstid i kyrkja. Her i Seljord startar me opp i slutten av september, og påmeldinga kjem ut til hausten. Det er ingen krav til at ein må vera døypt, eller til kva ein meiner og trur, for å melde seg på til konfirmasjonsundervisninga. Ein del undervisning går føre seg her i Seljord, og ein del er me saman med konfirmantar frå heile øvre Telemark.
Det er Janne prest som er ansvarleg for undervisninga og opplegget her, og om dykk har spørsmål til konfirmasjonsopplegget kan dykk ta kontakt med ho på telefon: 458 61 038 eller e-post: janne@seljordkyrkje.no
Innmelding til konfirmasjonstida skjer digitalt, og innmeldingsskjema finn de her, eller ved å trykke på "konfirmantpåmelding". Fristen for påmelding er 1. oktober 2026.
Det er informasjonsmøte om konfirmasjonstida 2026-2027, tysdag 25. august kl. 18.00 på Misjonshuset i Seljord (ved sidan av ungdomsskulen).