Olaf Glosimot 200 år


Olaf Glosimot 200 år


Olaf Glosimot - 200 år. Bergit Lisleåsheim Telnes har skrevet denne teksten.

Seljordingen, Olaf Glosimot har langt på veg gått i gløymeboka i heimbygda. Dette ynskjer Seljord sokneråd og Seljord sogelag å rette på no på tampen av jubileumsåret.

Olaf Glosimot vart født i 1821 på Lid i Krokan. Faren, Olav Olavsson Lid, kjøpte Glosimot då Olaf var ni år. Her voks han opp med vidt utsyn over Seljordsdalen.

Han skar ut både senger og skåp, og ein del små gjenstandar i tre medan han budde heime. I 1847 drog han til Kristiania der han studerte ved Kunst,- og handtverksskulen. Samstundes med studier fekk han oppdrag med å skjera ut kunstverk på lystslottet Oscarshall på Bygdøy. Vegen gjekk vidare til utdanning ved Kunstakademiet i København der han var student i ti år frå 1851.

Han skar også ut statuer i Trefoldighetskyrkja i Oslo, og laga to skulpturar i marmor i Slottskapellet i Oslo. På Nasjonalgalleriet er det 23 arbeid som har kome frå hans hand.

Olaf Glosimot budde til saman 50 år i København og gjorde studiereiser til Dysseldorf, Roma, Paris og Russland.

Me ber dykk inn til jubileumsfeiring onsdag 3.november

Kl. 15.30: Gåtur opp og ned til Glosimot langs den gamle ferdselsvegen der både Landstad, Ivar Aasen, Olea Crøger og andre samlarar gjekk på 1800-talet.

Parkering på Gøtun og langs vegen til Glosimot. Turen blir leia av Ragnar Haugstøl.

Kl.16.30: Vandring på Seljord kyrkjegard, og omvising inne i kyrkja der me ser på ting som Olaf Glosimot har laga.

Ca kl. 17.30: Programmet held fram på Misjonshuset. Der vert det foredrag om Olaf Glosimot ved Bergit Telnes. Me vil også setja søkjelyset på andre personar som heldt til i Seljord medan Olaf Glosimot voks opp.

Servering av suppe med rundstykker, kaffi og litt innat.

Gratis for alle!

Vel møtt!

Arr: Seljord sokneråd og Seljord sogelag

Bilete syner Olaf Glosimodt.  
Foto: Peter Most/Oslo Museum

Les meir om Olaf Glosimodt. 

Tilbake