Jubileumsfeiring i Åmotsdal


Jarand Aasmundsson Rønjom 200 år.

 

Det er i år 200 år sidan Jarand Aasmundsson Rønjom døydde.

Rønjom vart karakterisert av samtida si som den største kunstnar som har levd i Øvre Telemark.  Han sto mellom anna for bygginga av kyrkjene i Åmotsdal og Vinje, og samstundes var han sterkt medverkande til bygginga av kyrkja i Rauland.

Dessutan markerte Rønjom seg gjennom arbeid med låsar, sylvsmykke, bygningar, børsar og ur - for berre å nemne noko.

Jubileet skal markerast på mange og ulike måtar, og kyrkja skal sjølvsagt ha ein sentral plass i dette.

Første markering vert folkemusikkmesse i Åmotsdal kyrkje - søndag 12. juni 2022 kl 11,00.  Torgeir Straand skal vere musikar på denne messa.

 

Tilbake