Pilegrimsvandring over Seljordshei


Sumartid er vandringstid.

 

Soknerådet planlegg pilegrimsvandring over Seljordshei sundag 19. juni 2022.

Vandringa skal starte i Trollebotn, og ende med messe på Garvik kl 17,00.  Undervegs vil det vere god tid til refleksjon og ettertanke, gjennom tekstlesing, song, forteljing og stille.

Ragnar Haugstøl vil vere med som kjentmann og vandringsleiar.

Meir program og detaljar kjem her på heimesida om ikkje lenge.

Biletet på denne sida er frå ei prøvevandring som vart gjort 1. juli 2021.

Tilbake