På grunn av smittesituasjonen i samfunnet vert den kyrkjelege aktiviteten stengd ned dei to neste vekene.
På grunn av smittesituasjonen i samfunnet vert den kyrkjelege aktiviteten stengd ned dei to neste vekene.
Annonserte gudstenester 10. januar i Seljord og og 17. januar i Flatdal går dermed ut.
Sundag 10. januar vert det digital gudsteneste for heile Øvre Telemark prosti. Prost Asgeir Sele vil forrette denne messa, og det heile vil foregå frå Sjøormtårnet i Seljord. Messa vil vere tilgjengeleg på nettstaden www.ovretelemark.no heile dagen.
Gravferder kan gjennomførast som før - men med dei innskrenkingar som smittevernet sett med omsyn til deltakartal. Desse tala gjeld for kyrkjene i Seljord sokn:
Seljord kyrkje 35
Flatdal kyrkje 30
Åmotsdal kyrkje 35
Sjå forøvrig NRK si omtale av situasjonen i kyrkja.