Gudsteneste med folkemusikkpreg i Åmotsdal


Sundag 13. juni 2021 skal det vere gudsteneste i Åmotsdal kyrkje.

 

Denne gudstenesta vil ha preg av folkemusikk.  Me har vore så heldige at me har fått med oss Ottar Kåsa som musikar på messa.  Han vil stå for det musikalske i denne messa.

Ottar Kåsa er eit mykje kjend namn innan folkemusikkmiljøet.

I ugangspunktet kan me vere 35 til stades i kyrkja.  Det vil bli rigga for utandørs lyd dersom nokon ikkje kan få plass innandørs.

Messa byrjat til vanleg tid - kl 11,00.  Etter messa vert det kyrkjekaffe.

Tilbake