Endra deltakartal i kyrkjene våre


Endring i smittevernet fører til endra øvre deltakartal i kyrkjene våre.

 

Slik er dei nye taka for øvre deltakartal i kyrkjene våre:

Seljord kyrkje:  50 deltakarar
Flatdal kyrkje:  50 deltakarar
Åmotsdal kyrkje:  55 deltakarar

Alle må sitje på tilvist plass.  Det skal framleis vere minimum 1 meter avstand til andre du ikkje bur/lever saman med.  Namn vil framleis bli registrert, og offer/nattverd vert gjennomført med smitteverntiltak.  Oppslag heng i kvar kyrkje med nærare orientering.

Biletet på denne sida er lånt frå kyrkja si heimeside (www.kyrkja.no)

Tilbake